Gudsteneste 1. pinsedag

Kyrkja har igjen opna dørene. Dette gjeld også for gudstenester, og første gudsteneste etter kornonanedstenginga vert allereie no, søndag 31. mai klokka 16.30. Prest vert Rune Minde, kantor Ivar Mæland og Ingrid Reinan på fiolin.

Gudsteneste 1. pinsedag

Det er plass til 50 personar på denne gudstenesta, i tillegg til dei som skal medvirka.

På grunn av smittevernreglane må alle (untatt par og dei i næraste familie), ha 1 meters avstand til kvarandre i benkane.  Vi nyttar annankvar benk og det er lagt ut informasjon i alle benkane om kvar du kan sitja – og kvar du ikkje kan sitja.

Vi har fått pålegg frå sentralt hald om å ha oversikt på kven som er tilstades. Dette fordi vi ved eit eventuelt smitteutbrot skal kunna spora kven som har vore tilstades.

Desse listene vert lagt i ein lukka konvolutt og innelåst i 10 dagar, for så å bli makulert.

Vi prøver i første omgang å unngå påmelding til gudsteneste over nettet.

Difor treng du ikkje gjera noko anna enn å koma som du er.

Og skulle det bli for fullt, får du ta det med godt humør og koma tidlegare neste gong.

Vi vil ha kyrkjekaffi utanfor kyrkja etter gudstenesta.

Ta med deg litt å bita i heimifrå, vi spanderer kaffien.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"